BUNADSKRIN FRA SYLVSMIDJA
Praktisk oppbevaringsetui til bunadsølv. Riktig oppbevaring er viktig for at bunadsølvet skal halda seg fint og blankt over tid. Innlegget er behandla med antioksideringsmiddel, og har separate lommer med borrelåslukking som slepp inn minimalt med luft. Romsleg plass til søljer, mansjettknappar, øyrepynt, ring, kjeder, sølvbelte og anna sølv til bunaden din. Etuiet er praktisk utforma og kan brukast som reiseskrin når du reiser med bunaden.
Mål: 23 x 21 x 6 cm.
OBS, NYE SKRIN VENTES INN TIL HØSTEN!
Sylvsmidja
Ei verksemd som tek vare på kulturarva
I 80 år har me perfeksjonert handverket og måten me lagar bunadsølvet som skal vara i generasjonar. Sylvsmidja er tufta på lange handverkstradisjonar, og dei dyktige sølv- og gullsmedane våre har lang erfaring og brei kunnskap om bunadsølv. Du kan difor vera trygg på at bunadsølvet vårt er av beste kvalitet med livstidsgaranti mot produksjonsfeil.
I dag består Sylvsmidja på Voss av 65 tilsette og er Norges leiande tilverkar av bunadsølv. Kvar dag lagar me sølv til alle landsdelar og har om lag 2500 ulike varer, sett saman av i alt 8500 einskilde delar.